11/06/2006

Oppdatering?

Det blir etter kvart mange oppfordringar om oppdatering av bloggen. Det er ikkje berre berre for gamle foreldre å ha friske og energiske ungdommar i familien. Det blir mailar og sms-ar og telefonar om at no er det på tide! Nokon har treft på kjende som forgjeves har besøkt bloggen vår i von om å finne noko nytt. Det siste no i dag var at blogg-adressa vår var gjort kjent i ein artikkel i avisa Vårt Land.

Men kva så med ein stakkar som ikkje skriv så lett og ledig som visse andre, - også medmisjonærar? Når ein så gjerne ville finne noko positivt og inspirerande å skrive om, men er full av frustrasjonar? Som f. eks. i dag då eg kom innom sjukehuset og fekk høyre at dei hadde døydd to av pasientane eg brukte mykje tid og krefter på sist veke. Rett nok var dei svært dårlege og kom altfor seint etter mykje tradisjonell medisin først, men ein vil no prøve livredding ved tarmslyng likevel.

Så kom eg på at eg vil setje inn ei lang og sørgjeleg pasienthistorie eg skreiv ned for ei tid sidan. Ho er rett nok skriven helst for medisinsk personell, men det er no ikkje så mange orda som er uforståelege. Eg får nemne at metacarp-knoklane er dei som er i handflata, mellom handrotsbeina og fingrane.

Vi hadde forresten sist veke besøk av ein tanzaniansk ortoped, professor ved sjukehuset KCMC i Moshi. Eg la fram saka for han, men han sa det neppe er noko som kan gjerast for han. "Kanskje i ditt land kunne det vere mogleg", sa han, "men ikkje her." Handa hans syntest han vi berre fekk la vere der, av kosmetiske grunnar, nærmast som ei ubrukeleg protese. Tenk om noko spesialsjukehus for handkirurgi heime i Noreg kunne sett ei slik sak som ei utfordring og lage eit prosjekt av det! Men det ville verte skikkeleg mikrokirurgi, som transplantasjonskirurgi pluss mykje utfordrande postoperativt arbeid med fysioterapi i superklasse.

Her er skrivelsen: Ei pasienthistorie.