20/03/2006
Storebror
Sist søndag i Bunda-kyrkja i Tanzania. Vi har kome til ofringa. Det går ordna føre seg. Alle går fram, benk for benk. Ut frå den eine sida, ein runde fram til offerskåla, og inn igjen frå den andre enden av benken. Eg har hatt to gutar framfor meg, den minste kanskje 5 år, den eldste minst 10. Storebror? I alle fall har den eldste stagga litt uro og prat hos den yngste. Det er ikkje så lett å sitje i ro så lenge på dei harde enkle trebenkene.
Men kva er det som skjer etter runden fram til offerskåla? Storebror dreg med seg vesleguten ein runde til. Ja, han endå grip nedi bukselomma der den vesle har neven sin godt planta, og så må han opp med myntane sine og legge dei i skåla.
Eg måtte smile ved denne hendinga. Men ein tanke har kome: Vi har òg ein storebror, Jesus sjølv som seier at hans ærend har hast. Kanskje han må gjere eit grep med oss for å få oss til å gå ein runde til, få fram nevane våre som held fast på vårt eige, - få midlane våre, ja, oss sjølve opp i offerskåla?
Reidulf Lillebø
22:45 Permalink | Comments (0) | Email this
02/03/2006
Ber om regn
På pc-en har vi eit bibel-dataprogram som tek fram «mannakorn». I dag tidleg då eg slo på, kom ordet frå Jes 54:10: «For fjella kan vel vika, og haugane rikkast, men mi miskunn skal ikkje vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje rikkast, seier Herren, han som forbarmar seg over deg.»
Det varma så godt med slik ei helsing! Ikkje slik at vi treng meir varme i bokstaveleg forstand, for gradestokken viste no om morgonen 18 grader ute, og det er lavaste temperaturen vi har sett hittil sidan vi kom til Bunda i oktober. Utover dagen sveittar vi i over 30 grader i skuggen, og natta er ikkje stort annleis. Nokre regnskyll om kvelden og natta siste dagane får temperaturen litt ned for ei stund.
Regn er «baraka» (= velsigning) på så mange måtar. Den korte regntida slutta eit par veker for tidleg først i desember. Dermed har maisåkrane tørka opp. Ja, radioen melde om fare for svolt i mange regionar av Tanzania, Mara var også nemnt. Det verkar skremmande! Matprisane stig. Korleis takle den situasjonen at vi for oss sjølve har nok av alt, men ikkje har nok til å gi ut til alle som tiggar? Vår bøn er at regnet må halde fram så dei som no sår på nytt, får avlingar.
I går var eg innom eit sjukerom for å sjå til ei ung kvinne. Eg vart vekt ein tidleg morgon for nokre dagar sidan. Dei bad meg hjelpe med den pasienten, jamvel om eg slepp ha vakt i vanleg meining her på sjukehuset no, det tek dei nasjonale legane. Men det vart fleire timars arbeid utover føremiddagen. Kvinna var ille tilreidd etter ei ulykke med lastebil nattestid. Sjåføren hadde visst drukke alkohol, og han var ein av dei fire som døydde på staden. Ein mann og ei kvinne kom dei til sjukehuset med. Kvinna, som var mest skada av dei to, var bevisst, men veik etter blodtap. Stygge opprivne sår med sand og skitt både i ansiktet og i hårbotnen og i venstre bein trong mykje oppreinsing og sying. Verst hadde det gått med venstre armen der djupe lange kutt på skulder og overarm kunne syast, men alboge og underarm var så knuste og øydelagde at det berre måtte gjerast amputasjon.
Ho var kvikk i går der ho sat på sengekanten og åt. Men kva med framtida for ei ung kvinne med handikapp? Måtte ho ikkje berre få lekamleg hjelp, men også få bruk for, og få sjå inn i Herrens miskunn!
Det er godt å gå tilbake til den varmande helsinga! Eg tenkte straks på dei svære karakteristiske steinane på fjella og kollane som omkransar på tre sider denne hellinga med sjukehusområdet i Bunda. Framfor ligg slettene utover mot Victoria-sjøen. No ein kveld var det slik fargesprakande solnedgang der ute. Husa våre var alt i skuggen, men fjella her bak låg bada i varm, gyllen farge.
Om fjella kan vike og haugane rikkast, kan ikkje Herrens miskunn og fredspakt rikkast, han som forbarmar seg over oss. «Løftene kan ikke svikte», og dei legg varm glans over alle tunge «steinar» i livet. Det er nok av slike her ute, både for folk flest og for pasientar. Ja, også ein misjonærkvardag kan tyngast av frustrasjon, tvil og mismot og vanskar med å sjå meining og mål. Men Herren forbarmar seg, - også med ei mannakorn-helsing ein laurdagsmorgon.
19:30 Permalink | Comments (1) | Email this