20/03/2006

Storebror

Sist søndag i Bunda-kyrkja i Tanzania. Vi har kome til ofringa. Det går ordna føre seg. Alle går fram, benk for benk. Ut frå den eine sida, ein runde fram til offerskåla, og inn igjen frå den andre enden av benken. Eg har hatt to gutar framfor meg, den minste kanskje 5 år, den eldste minst 10. Storebror? I alle fall har den eldste stagga litt uro og prat hos den yngste. Det er ikkje så lett å sitje i ro så lenge på dei harde enkle trebenkene.

Men kva er det som skjer etter runden fram til offerskåla? Storebror dreg med seg vesleguten ein runde til. Ja, han endå grip nedi bukselomma der den vesle har neven sin godt planta, og så må han opp med myntane sine og legge dei i skåla.

Eg måtte smile ved denne hendinga. Men ein tanke har kome: Vi har òg ein storebror, Jesus sjølv som seier at hans ærend har hast. Kanskje han må gjere eit grep med oss for å få oss til å gå ein runde til, få fram nevane våre som held fast på vårt eige, - få midlane våre, ja, oss sjølve opp i offerskåla?

Reidulf Lillebø

The comments are closed.