04/02/2006

Ut på tur, aldri sur!

Skrive av datra vår, Kaisa Ruth
medium_20060204_bunda_0271.jpgEg var glad, eg var trøytt, eg var sliten, eg var skitten, eg var varm, eg var sveitt, eg var tørst, eg var solbrent, eg var endeleg heime... Men, hadde eg ein fin tur? Oh, yes!! =) (klikkar du på biletet til venstre, blir det større)

Mamma, pappa, familien Østertun med tre born og eg gjekk oppetter fjellveggen. Målet var ein topp i Balilifjella som ruvar så fint ved sidan av husa våre. Men, visste vi kvar stien gjekk? Nope. Der var nemleg ingen sti! Det fant vi fort ut då vi kom litt opp i fjellsida. Graset var så høgt somme stader at vi så vidt såg utsikta av og til når vi stakk hovuda opp for å kikke. Men, vi gjekk på skyggesida av fjellsida – det var viktig å poengtere!

Vel oppe på toppen, ca 1600m over havet, var vinden så sterk at vi nesten ramla over ende. Elisabeth Østertun hadde kjole på (det er ikkje så akseptabelt å gå med korte shorts for ei kvinne her) og ho skulle hoppe frå ein stein til ein annan. Vinden tok tak og kjolen blei først ein fin fallskjerm før den nesten flaug av. Heldigvis var det berre eg som såg det =)

Ja, vi lo godt fleire gonger på veg opp fjellsida, og vi prøvde visst alle å ikkje tenke på kva som lurte i graset eller i grottene under steinane. Men, vi hadde alle ein strålande tur gjennom gras, kratt, ”miiba” (tornar) og store steinar. Frå toppen såg vi langt innover Serengeti-området og på andre sida låg Bunda by utstrakt. Ei oppleving var det!

Vel heime sprang eg rett til kjøleskapet, tok meg ein cola light og stilte meg foran vifta på stova. Aaah, herleg!

medium_20060204_bunda_0651.jpg

medium_20060204_bunda_06111.jpg

02/02/2006

Livsviktige dråpar!

medium_mamma_og_pappa_dyvate.jpg
Eg sat på soveromet mitt hos mamma og pappa i Bunda. Det byrja å tromme på taket. Dråpar fall tungt frå himmelen – det regna! Det er merkeleg her i Afrika. Du kan kanskje sjå at skyene kjem, men regnet kjem alltid overraskande, og då høljar det ned! Eg tenkte med meg sjølv: ”Håpar mamma og pappa ikkje blir overraska av regnet på veg heim frå sjukehuset!”. Men, jau då.. ikkje lenge etter kom mamma og pappa heim - kliss blaute var dei!

I Norge rynkar vi på nasa og blir sure når det regnar. I alle fall gjorde eg det då eg budde i Volda på Sunnmøre. Der regnar det mykje, altfor mykje!! Her takkar dei Gud for kvar dråpe og kallar det velsigning. Dessverre kjem dei etterlengta dråpene berre i små regnskyll, nesten som for å erte.. ”Rasha, rasha” (småyr), seier dei her. Heller ikkje regnskyllet i dag varte i så veldig mange minutt..

Det er uansett for seint for maisen. Alt vart brunsvidd av den sterke sola. Det seiest at avlingane i forrige regntid ville ha vore redda om det hadde regna to veker til.. No er maisen alt død og mange står framfor månader med svolt. Dei fleste har sådd ein gong til, men dei vil uansett ikkje få ny avling før i juni, juli.. DERSOM dei får nok regn! Hagemannen vår, Seti, høyrde på radioen at det vil bli svolt i 8 regionar av Aust-Afrika. Mara er ein av dei.

Det er ikkje lett å drive sjukehus heller med ein slik vannmangel, men der får dei heldigvis òg vatn frå Viktoriasjøen. Dvs, når dei berre ”gidd” å pumpe i byen...

Mange trur det er åndene som er imot dei. Derfor tenner dei på graset langs fjellet for å blidgjere dei. Flekk etter flekk blir svartsvidd. Vil dei sende nok regn no? Då kjem eg til å tenke på orda i Bibelen om det levande vatnet (Joh. 4). Dei treng ikkje berre vatn i fysisk forstand her i Bunda. Dei treng òg det levande vatnet. Det vatnet som berre Jesus kan gje gjennom sigeren på krossen. Berre det kan gje dei frelse og eit evig liv i ein himmel der tørke og svolt ikkje skal vere meir.

Takke- og bøneemne:
- Det er ikkje alle som er like heldige som deg og meg i Norge. Hugsar du å takke Gud for alt du har fått..?
- Vil du vere med å be for folket her? Dei er evighetsvandrar som deg og meg.

Skrive av datra vår Kaisa Ruth