04/02/2006
Ut på tur, aldri sur!
Skrive av datra vår, Kaisa Ruth
Eg var glad, eg var trøytt, eg var sliten, eg var skitten, eg var varm, eg var sveitt, eg var tørst, eg var solbrent, eg var endeleg heime... Men, hadde eg ein fin tur? Oh, yes!! =) (klikkar du på biletet til venstre, blir det større)
Mamma, pappa, familien Østertun med tre born og eg gjekk oppetter fjellveggen. Målet var ein topp i Balilifjella som ruvar så fint ved sidan av husa våre. Men, visste vi kvar stien gjekk? Nope. Der var nemleg ingen sti! Det fant vi fort ut då vi kom litt opp i fjellsida. Graset var så høgt somme stader at vi så vidt såg utsikta av og til når vi stakk hovuda opp for å kikke. Men, vi gjekk på skyggesida av fjellsida – det var viktig å poengtere!
Vel oppe på toppen, ca 1600m over havet, var vinden så sterk at vi nesten ramla over ende. Elisabeth Østertun hadde kjole på (det er ikkje så akseptabelt å gå med korte shorts for ei kvinne her) og ho skulle hoppe frå ein stein til ein annan. Vinden tok tak og kjolen blei først ein fin fallskjerm før den nesten flaug av. Heldigvis var det berre eg som såg det =)
Ja, vi lo godt fleire gonger på veg opp fjellsida, og vi prøvde visst alle å ikkje tenke på kva som lurte i graset eller i grottene under steinane. Men, vi hadde alle ein strålande tur gjennom gras, kratt, ”miiba” (tornar) og store steinar. Frå toppen såg vi langt innover Serengeti-området og på andre sida låg Bunda by utstrakt. Ei oppleving var det!
Vel heime sprang eg rett til kjøleskapet, tok meg ein cola light og stilte meg foran vifta på stova. Aaah, herleg!
13:35 Permalink | Comments (3) | Email this


Comments
Hallo Maisa og Reidulf.
Flott å få ei slik side der me kan få nokre glimt frå dykkar kvardag på sjukehuset og i Bunda elles.
Ein i vår heim har no Bunda med seg i alle ID-papir, så for han er det ekstra gildt å få nokre oppdateringar.
Guds signing over dagen frå oss her på Jæren.
"Han er vår FRED!"
Jan Helge & co.
Posted by: Jan Helge Aa. | 10/02/2006
Kiitos tästä blogista. Toivon, että jaksatte vielä kirjoittaa tänne,vaikka ei tytär enää olekaan siellä.Mukava seurata elämäänne siellä rakkaassa ja raskaassa paikassa.Voimia!
Posted by: Laila | 10/02/2006
Hei Maisa ja Reidulf
Seurataan tätä blogia täälläkin päin maailmaa.
Siunausta ja voimia työhön, lepoon, arkeen ja juhlaan.
Posted by: Harri | 18/02/2006
The comments are closed.