02/02/2006

Livsviktige dråpar!

medium_mamma_og_pappa_dyvate.jpg
Eg sat på soveromet mitt hos mamma og pappa i Bunda. Det byrja å tromme på taket. Dråpar fall tungt frå himmelen – det regna! Det er merkeleg her i Afrika. Du kan kanskje sjå at skyene kjem, men regnet kjem alltid overraskande, og då høljar det ned! Eg tenkte med meg sjølv: ”Håpar mamma og pappa ikkje blir overraska av regnet på veg heim frå sjukehuset!”. Men, jau då.. ikkje lenge etter kom mamma og pappa heim - kliss blaute var dei!

I Norge rynkar vi på nasa og blir sure når det regnar. I alle fall gjorde eg det då eg budde i Volda på Sunnmøre. Der regnar det mykje, altfor mykje!! Her takkar dei Gud for kvar dråpe og kallar det velsigning. Dessverre kjem dei etterlengta dråpene berre i små regnskyll, nesten som for å erte.. ”Rasha, rasha” (småyr), seier dei her. Heller ikkje regnskyllet i dag varte i så veldig mange minutt..

Det er uansett for seint for maisen. Alt vart brunsvidd av den sterke sola. Det seiest at avlingane i forrige regntid ville ha vore redda om det hadde regna to veker til.. No er maisen alt død og mange står framfor månader med svolt. Dei fleste har sådd ein gong til, men dei vil uansett ikkje få ny avling før i juni, juli.. DERSOM dei får nok regn! Hagemannen vår, Seti, høyrde på radioen at det vil bli svolt i 8 regionar av Aust-Afrika. Mara er ein av dei.

Det er ikkje lett å drive sjukehus heller med ein slik vannmangel, men der får dei heldigvis òg vatn frå Viktoriasjøen. Dvs, når dei berre ”gidd” å pumpe i byen...

Mange trur det er åndene som er imot dei. Derfor tenner dei på graset langs fjellet for å blidgjere dei. Flekk etter flekk blir svartsvidd. Vil dei sende nok regn no? Då kjem eg til å tenke på orda i Bibelen om det levande vatnet (Joh. 4). Dei treng ikkje berre vatn i fysisk forstand her i Bunda. Dei treng òg det levande vatnet. Det vatnet som berre Jesus kan gje gjennom sigeren på krossen. Berre det kan gje dei frelse og eit evig liv i ein himmel der tørke og svolt ikkje skal vere meir.

Takke- og bøneemne:
- Det er ikkje alle som er like heldige som deg og meg i Norge. Hugsar du å takke Gud for alt du har fått..?
- Vil du vere med å be for folket her? Dei er evighetsvandrar som deg og meg.

Skrive av datra vår Kaisa Ruth

The comments are closed.